|
Rapport fra NM Vinter
Klubbmedlem Robert Brenden forsvarte VFK's ære i NM Vinter 2010 på Andøya med NJCH KV Nikita. Det resulterte i kanonsterke 1VK m/CK kval, 2VK semi og 6VK finale og er dermed best premierte hund over 8år! Vi gratulerer på det aller sterkeste, og har nå fått inn rapport fra Robert som du her kan lese:
"Hei Thomas.
Er no kommet heim igjen og er på veg til fjellet i dårleg vær. NM vinter hadde jubileum i år med 25 år og eg sjølv var der for 15. år på rad. Forberedelsane i vinter har som alle veit ikkje vore bra så eg var ikkje heilt komfortabel før ca 14 dagar før. Då fekk eg testa hundane på tungt føre mot andre og det viste seg at dei holdt mål. Når Filefjell vart avlyst slengte eg meg rundt og meldte på i Meråker. Her var det nesten Turboføre og hundane fekk bevist at formen var inne. Reiste videre til Andøya på mandags formiddag. Nikita var utteken på NM-Lag og det startet på torsdag. Vi ankom Sortland tirsdag ettermiddag og fekk oss ein liten treningstur før det vart mørkt. Neste dag fekk vi oss 2 treningsøkter med til sammen ein 30 fuglebehandlinger på 8 forskjellige hundar. Nikita kvilte denne dagen. Om kvelden vart det middag og trekning av startrekkefølgen i NM-Lag. Nikita skulle ha 2. slipp og vart i tillegg trekt ut som reserve mot siste hund, dvs. 2x20min slepp på ein hund som skal gå i NM induvidielt etterpå. Nikita fulgte opp i NM-Lag med glimrende søk og var lenge beste søker og vart beste vorsteher med flest poeng. Dessverre fekk vi ikkje fuglearbeid og nok poeng til å følgje opp NM-Sølv frå i fjor. Etter ein lang dag var det å stresse tilbake for å fore hundar som skulle starte til neste dag. Vi får eit terreng som heiter Forfjord og det er det som er lengst å køyre til, 1,5 time, dvs 3 timar tur retur. Det skulle vise seg å vere det terrenget med mest snå og tunge forhold. Dette likte eg siden mine hundar var kun trent på slikt føre. Gjennom dagen viste dette seg å vere korrekt og Nikita var dagens søker og med komplett arbeid og ingen minus fikk hun 1VK m/CK. Tiara og Only gikk også godt men dei havna rett nedenfor 6. plassen.

Bildet over: Robert Brenden og Nikita til høyre
Eg var fornøyd med å ha med meg ein hund videre til semi som eg kunne få konsentrere meg heilt og holdent om. I Semien kom vi på eit tøft parti men Nikita overbeviste igjen og viste oss søk av meget høg klasse. Gjennom dagen falt den eine etter den andre tøffe konkurrenten av lasset. I andre runde går Nikita glimrende i medvind og på slutten av slippet trekker hun ann langt ute. Til slutt står hun fast langt oppe i bratt li. Når dommer og jeg kommer til letter det rype presist foran. Eg fekk ikkje vist reis men ledar allikevel på den andre som har fuglearbeid uten reis. I siste slipp får ein breton eit arbeid med reis og vinner partiet. Nikita får ein 2VK og har til nå prestert over alle forventninger. Det var mange som lurte på alderen til Nikita siden hun er såpass grå i fjeset og var overraska når dei fekk høyre at ho blir 10 år i september. I NM tok eg kvar dag som ein bonus og hadde ikkje vore missfornøyd om ho ikkje hadde klart seg på dag 4. Men Nikita skulle overbevise meg og andre med glimrende søk i finalen også. I slutten av 1.slipp så forsvinner Nikita på høgre flanke og kommer ikke tilbake. Eg ber om å få lov og sjå etter ho og går i retning av der eg hadde sett og markerte fugl og forsvant over ein snøskavel. Like før eg kommer over skavelen kommer makker inn på venstre siden og støkker 2 ryper. Samtidigt ser eg i hovudet til Nikita som står 20 meter foran på disse rypene. Ho løyser ut og kjem inn igjen og eg håpar berre at dommarane ikkje har sett fuglane. Dommarane har ikkje sett verken ryper eller stand og setter Nikita høgt på lista med flott søk.

Gjennom finale dagen viser det seg at vi har masse ryper og ingenting bør vere avgjort før dagen er ferdig, men vinneren Roya hadde 3 fuglearbeid når eg skulle ut i min andre runde. Håpet om å vinne var der fortsatt, men eg viste at eg måtte ha 3 arbeid i eit slepp. Følte eg fekk eit godt terreng til Nikita, kupert med masse biotop. Like etter slipp forsvinner Nikita på ein topp. Eg er på veg opp når makker tar stand, han ramper. Samtidigt som dette skjer leiter eg etter Nikita, men partiet kan etterpå fortelle meg at ho stod oppe på toppen og det letta rype rett foran henne i det rypene letta for makker. Dette var surt sidan dommarane må bedømme det dei ser og det var at Nikita var slått på fugl. Ny makker bli satt på og rett etterpå står Nikita like ved der hun hadde stått første gangen. Denne gangen får vi vist eit komplett fuglearbeid med klasse over. Nikita blir så satt over makker som låg høgt frå første runde, begge med eit godkjent arbeid, men også slått på fugl. Gjennom dagen vart det 9 med godkjent arbeid og vi var glade for å beholde ein plassering blant dei 6 som blir premiert i finalen. Nikita vart med dette den best premierte eldste hund i NM og hadde premie kvar dag. Andøya bør oppleves og det er utruleg sosialt og hyggeleg og folk er i fest stemning heile helgen. Dei fleste tar dette som ein liten ferie. Nikita er nå såpass gammel at kvar dag er som sagt ein bonus, men ho har nå ca 180 Championatpoeng, 11x1VK, og eg vil derfor prøve å få Nikita opp i 200 poeng. Dette er ei magisk grense som få jakthunder oppnår. Av vorstehere så trur eg det kun er Nikita som har oppnådd såpass mykje poeng gjennom historien. Vfk er kjent for å ha høg kvalitet på hunder, prøver og dommere og dette er igjen eit bevis for at VFK medlemmer alltid hevder seg i alle konkurranser.
God Påske til alle som leser dette og håper fleire blir med til neste år!
Mvh
Kennel Sognexpressen
Robert Brenden"
Du kan lese mer og se bilder her: NM Vinter 2010
VFK gratulerer også Vinner NM Finale: ES Roya til Bertil Nyheim |